Kunstnaren Trygve

Trygve Magnus Barstad er billedhoggar og multikunstnar. Han er nok mest kjend for sine  store monument i rustfritt stål og bronse. Han jobbar med abstraksjon og stiilisering i eit figurativt formspråk alltid med eit analytisk blikk på form, størrelsesfohold og bevegelse i sine skulpturar. Trygve er født og oppvokst i hjartet av Telemark. I Flatdal på garden Blengstdalen har han sitt kunstnariske virke. Her får  han utfolde sine kreative evner og «Reodor felgen patentar». Han har eige bronsestøperi og ølbryggeri på garden

Perspektiv

Trygve formidlar det naturalistiske og abstraherte. Trygve er opptatt av det geometriske og det opptiske for å gjere kunsten dynamisk. Tygve tenkjer at han må lage «eit rom, i rommet», slik at figuren ikkje bles bort i omgivelsane. 

Lukk meny